Nålebinding
Vikingfestivaler i Rogaland
© Nina C. Krogh
Her utøves den gamle teknikken med nålebinding. Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket:

Nålebinding er ein handarbeidsteknikk. Ein brukar ei flat nål av bein eller tre, og tråd av ull. Ein nålebind ved å laga ei løkke og drage nål og tråd gjennom. Knuten som vert danna vert ikkje stramma, men dannar den neste løkka. Ein nålebind oftast i ull, avdi ein skøytar på ein ny tråd ved toving.

Nålebinding gir eit meir slitesterkt resultat enn strikking, men er noko meir tidkrevjande.

Teknikken kan mellom anna brukast til å laga sokkar og vottar.

Arbeid laga i nålebinding kan likna hekling, hakking, pjoning eller strikkearbeid.